VINTERLYSFESTIVALEN: Vintersongar - Med Frode Grytten

Arrangementsinformasjon

Søster Vinter kan vere kald og brutal. Ein må bare klamre seg til kvarandre og vissa om at lyset ein dag kjem tilbake. Frode Grytten Beat Band hyller snøen, sorga, kulda og svarttrosten som ein dag skal prise våren med sine melankolske tonar. Det blir vintersongar om is, nåde, glatte vegar, snømenn og det vakre som alltid er innan rekkevidd.


morgonen tar til med pusten frå dei eg elskar, alle har hamna i same seng i løpet av natta,

som om vi må halde ihop for å overleve denne vinteren, eg vaknar først og hører

dei puste rolig i kaldt rom, så stille at det nesten ikkje finst ord for det


Vi spelte på Vinterlys i 2018, det var ein av årets finaste kveldar. Kaldt ute, ein utrulig varme frå publikum inne. Det er ei stor glede å kunne reise tilbake, denne gongen er vi fire stykk, Pedro Carmona Alvarez (song, gitar), Annlaug Børsheim (song, fele, gitar), Einar Sogstad (piano) og meg (røyst).