BARNAS VINTERLYS - Episode 3 Øyeblikk(1600)

Arrangementsinformasjon

 

Øyeblikk

Du og jeg er øyeblikk, blunk så ble vi borte 

I denne episoden møter me gåsa som lurer på kven ho er, kanskje ho eigentleg er ein svane? Me

får høyre om korleis alt starta, at me eingong berre var eit bitte lite frø i magen. Eit lite frø som

voks og voks og vart til eit lite menneske. Og menneska som fortsett å vekse, heilt til dei ikkje

klarer meir, også dør dei, og kattar dør og mus dør og allting blir borte i vegkanten. Det har eg

sett.

Vet du hvem du egentlig er? spør gåsa. 

Jeg er en muldvarp, sier muldvarpen. 

Jeg graver. Holder det?

(Gro Dahle)

Dikta i denne episoden er skrivne av Christian Løchstøer, Ruth Lillegraven, Gro Dahle, Svein

Nyhus og Per Olav Kaldestad

.

Episodeteater for born frå 2 - 100 år 

 

“Alle har en liten dør bak øret” er ein teaterserie for born frå 2 år. Utgangspunktet for 

framsyningane er nyare norsk poesi, dikt og tekstar henta frå ulike bøker og samlingar gjeve ut etter år 

2000. Annlaug Børsheim har satt musikk til fleire av dikta, og saman med skodespelar Vibeke Flesland 

Havre, scenograf Mari Watn og lysdesignar Silje Grimstad har dei laga eit poetisk univers for born i alle 

aldrar.  

 

Det sceniske landskapet er laga av pappøskjer i ulike storleikar, enkle pappfigurar og kleshengarar i 

metall. Me blir kjende med gåsa som har så altfor mange tankar i hovudet sitt, hunden som har ein storm i 

hovudet og muldvarpen som har ein tendens til å grava seg ned. Og den kloke katten som går ute om 

natta. Ved hjelp av skuggeteater og magisk lyssetting blir figurane levande, og borna blir med inn i eit 

særeige univers der ord, musikk og estetikk smeltar saman. Episodane er enkeltståande og kan visast 

uavhengig av kvarandre.  

Manus og idé: Annlaug Børsheim og Vibeke Flesland Havre

Musikk: Annlaug Børsheim

Tekstar: Per Olav Kaldestad, Gro Dahle, Christian Løchstøer, Ruth Lillegraven, Synne Lea og

Svein Nyhus

Scenograf: Mari Watn 

Lysdesigner: Silje Grimstad 

Co-produsent: Cornerteateret i Bergen