BARNAS VINTERLYS - Episode 1 Usynlige ting(1400)

Alle har en liten dør bak øret
Usynlige ting
Tenk om eg var ein tanke og kunne reisa til deg
I denne episoden møter me små og store tankar. Tankar som kan reise jorda rundt og tankar me
ikkje kan sjå. Me møter gåsa som ikkje få plass til alle orda i munnen sin og den kloke katten
som kan ta med seg orda uti natta, ut på eventyr.
Det detter usynlige ting ned i hodet mitt hele tiden
Det er tankene som kommer og rømmer
Og rømmer og kommer hele dagen
(Svein Nyhus)
Dikta i denne episoden er skrivne av forfattarane Gro Dahle, Per Olav Kaldestad, Christian
Løchstøer, Ruth Lillegraven og Svein Nyhus
Episodeteater for born frå 2 - 100 år
“Alle har en liten dør bak øret” er ein teaterserie for born frå 2 år. Utgangspunktet for
framsyningane er nyare norsk poesi, dikt og tekstar henta frå ulike bøker og samlingar gjeve ut etter år
2000. Annlaug Børsheim har satt musikk til fleire av dikta, og saman med skodespelar Vibeke Flesland
Havre, scenograf Mari Watn og lysdesignar Silje Grimstad har dei laga eit poetisk univers for born i alle
aldrar.
Det sceniske landskapet er laga av pappøskjer i ulike storleikar, enkle pappfigurar og kleshengarar i
metall. Me blir kjende med gåsa som har så altfor mange tankar i hovudet sitt, hunden som har ein storm i
hovudet og muldvarpen som har ein tendens til å grava seg ned. Og den kloke katten som går ute om
natta. Ved hjelp av skuggeteater og magisk lyssetting blir figurane levande, og borna blir med inn i eit
særeige univers der ord, musikk og estetikk smeltar saman. Episodane er enkeltståande og kan visast
uavhengig av kvarandre.
Manus og idé: Annlaug Børsheim og Vibeke Flesland Havre
Musikk: Annlaug Børsheim
Tekstar: Per Olav Kaldestad, Gro Dahle, Christian Løchstøer, Ruth Lillegraven, Synne Lea og
Svein Nyhus
Scenograf: Mari Watn
Lysdesigner: Silje Grimstad
Co-produsent: Cornerteateret i Bergen