VINTERLYSFESTIVALEN: Frode Grytten Beat Band

EVENT INFORMATION


Frode Grytten Beat Band kom til verda onsdag 15. oktober 2008. Då skulle Frode Grytten, underteikna, eigentlig halde foredrag om beatpoesi og musikk i Bergen. Men, ahhh, kom igjen! Eit foredrag? Pingvin-støv! Analysemodellar! Show it, don’t tell it. Det endte med at eg leverte ut to A4-ark før vi spelte ein times konsert. Applaus. Suksess. Sidan har vi heldt fram som meir enn eit illustrert foredrag. Først nytta vi dikt av beatpoetane Ginsberg, O’Hara, Corso, Kerouac. Etterkvart har vi tatt til å bruke eigne tekstar og plukka opp songar vi har eit tett tilhøve til: Velvet Underground, Tom Waits, Talking Heads, Flaming Lips, The Clash, Sharon Van Etten, Bruce Springsteen. Men: Nok preik, ok? Beat! Det skal bli gylne sardiner & avkledde hjernar, det skal bli Amerika med vestlandsbeat. You feel it, the beat in a jazz, real cool jazz. Hør etter på eigen risk!! Vinterlysfestivalen gleder seg stort til å få besøk av Frode Grytten, som har hentet med seg utallige termingsøyne på sine tidligere besøk hos oss! Velkommen til Meyergården Spektrum torsdag 18.2. 

Pedro Carmona-Alvarez (song, gitar)

Annlaug Børsheim (song, gitar, fele)

Einar Sogstad (piano)

Michael Barnes (saksofon)

Kåre Opheim (trommer)

Anders Bitustøyl (bass)

Frode Grytten (røyst)

Foto: Thor Brødreskift