Vinterlys: Frode Grytten Beat Band (Søndag 11.2)

Arrangementsinformasjon
Default file 1511350351

Frode Grytten skriv dikt som popsongar, han skriv popsongar som dikt. Om flyktningar, om bussreiser, om kyss, om døden. Han skriv om dressane sine, om kompisar og bilturar, om fedre og mødre, om å stå opp og om å gå til sengs. Han kombinerer spoken word-tradisjonen med ein velutvikla popsensibilitet. Resultatet er ei blanding av Amerika og Vestlandet, sjarm og genanse, Highway 1 og E39. Kom og opplev ein unik konsert! 

Med seg har Grytten musikarane Pedro Carmona-Alvarez (song, gitar, piano) og Annlaug Børsheim (song, fele, gitar). Carmona-Alvarez er ein av landets finaste lyrikarar og romanforfattarar. Før han tok til å skrive bøker, utmerka han seg som rockemusikar. Og det er songaren og gitaristen vi får møte denne kvelden. Børsheim er utdanna folkemusikar, men har spelt pop, jazz og rock i ulike konstellasjonar. Ho har samarbeida med Grytten og Carmona-Alvarez dei siste fem åra.